| Servering & Shopping |
 | Quality Hotel Førde Vi serverer variert á la carte kvar dag frå kl. 15:00 til fornuftige prisar. Her er kapasitet for servering av lunsj og middag for små eller store grupper, selskaper, møter og konferanser. Du finn oss i sentrum av Førde by. Velkommen innom! Tlf. 57 82 81 10 Heimeside
|

 | Skei Hotel Vi kan tilby store og hyggelege salongar og fleire lokale for større og mindre selskap. Spisesalen er stor og triveleg. Vi legg vekt på å servere rikeleg og god mat - så vel utanlandske som norske rettar. I restauranten vert servert alt frå kaffi og smørbrød til koldtbord og à la carte. Velkommen innom, tlf. 57 72 78 00 Heimeside |

|
| Naustdal Dampbakeri AS Er du sulten på godt bakverk og vil kose deg med ein god lunsj eller eit deilig kakestykkje i Førde by, tilrår vi eit av Naustdal Dampbakeri sine conditoriar; Olefine i Elvegården tlf. 57826945, Olefine i Hafstadgården tlf. 57820941 eller Olefine på Kronborg tlf. 57724140. Velkommen ! E-post |

|
|
 | Rica Sunnfjord Hotel Vi tilbyr servering for kva det skulle vere, enten du bur hjå oss eller om du skulle trenge eit måltid før du reiser vidare. Vi har god kapasitet for små og store grupper. Du kan velgje mellom seks større og mindre serveringsstader. For ein pust i bakken er du velkommen innom vår nye uteterrasse til ein forfriskning! Du finn oss midt i Førde by, nær rutebilstasjonen. Tlf. 57 83 40 00 Heimeside |

|
 | Sande Kro og Hotell Kroa kjenneteiknast først og fremst for sitt framifrå kjøkken. Muligheitene er mange frå enkle lunsjrettar, dagens middag, à la carte meny, lunsjbord for grupper eller familiemiddag. Vi serverar også smørbrød, kaffi og kaker når det måtte passe. Du finn oss midt i Sande sentrum. Tlf. 57 71 80 50 Heimeside Dagens rett kvar dag frå kl. 12.00 Raspeballar kvar torsdag Varm buffet kvar søndag frå kl. 13.00 |

|
 | Tønna Den gamle Tønnefabrikken i Bygstad har fått nytt liv, som serveringsstaden Tønna. Det gamle preget er inntakt inne, men det er også brukt mykje pengar på oppussing. Handelsmann Olav Birkeland i Bygstad er etterkommar etter Lunde som dreiv "Tønde og Dunkeforretning". Han har på kort tid investert mykje i å gjere den gamle Tønnefabrikken om til eit særprega men moderne selskapslokale. Tlf. 57 71 79 04 Heimeside
|

|
 | Handelshuset Fylkets eldste kjøpesenter. I dag kan vi tilby 23 000 kvm næringsareal, 10 000 kvm bygd parkeringsareal, over 60 butikkar, fleire andre tenesteytande funksjonar og over 500 parkeringsplassar. Heimeside |

|
| Førde Torg / Elvegården Førde Torg og Elvegården byr på 34 ulike butikkar og kafèar. Vi har parkering både inne og ute, i alt 500 plassar. Her hjå oss finn du noko for ein kvar smak, og innimellom handelen kan du slappe av med ein kaffi på Spiseriet eller Olefine. Ein fin gåveidè er våre elektroniske gåvekort, disse kan brukes i alle medlemsbutikkane og du får kjøpt dei hjå Førde Libris i 1. etasje på Førde Torg. Ellers får du info om oss slik: www.elvetorget.no , eller 57 72 24 00 - God handel ! |

|
 | Sentrum Sør handlegate I byens travle handlegate er det samla vel 30 butikkar. Her finn du forretningar med godt utval innan alle genrer. Byens torgplass, Langebrutorget, ligg midt i handlegata og her har med anna Bondens Marknad salsplass. Velkommen til ein triveleg handel! |

|
 | Håjen Kafe Garden med kafe og utsal ligg fritt til med utsyn over Førdefjorden. Her har vore driven tradisjonelt jordbruk sidan 1600-talet. Den gamle låven på garden er bygd om til gardsmatutsal, selskaps-lokale og er vertskap for Luftkampmuseet. Utsalstaden er etablert i den nyrestaurerte driftsbygninga på garden. Her vil ein få kjøpe lokal mat frå distriktet. Kvar sundag frå Mars til Desember vert det servert middag på garden, der råvarer frå garden vert brukt så langt det er mogeleg. Menyen bygger på tradisjon med nye vriar og rettar som høver til sesongen. Velkommen! Tlf. 57 81 83 65 Heimeside |

|
 | Jølster Hotell Vi kan tilby smårettar og forfriskningar i vår koselege kafe i underetasjen. I sommarsesongen kan vi friste med dagens middag i vår spisesal i første etasje. Velkommen innom, tlf. 57 73 23 00 Heimeside |

|
 | "Kaffistova" i Audhild Vikens Vevstove Kaffistova tilbyr ulike lunsjrettar, kaker, lefse, kaffi, the og forfriskningar. Det er ein populær stad å stoppe med sin sentrale plassering mellom Sogn og Nordfjord og vi har sitteplassar til 110 gjester. Velkommen innom, tlf. 57 72 81 25 E-post |

 | Sunnfjord Cafè & Catering as Du finn oss i Førdehuset. I vår kafé kan vi tilby enkel lunsjmat, baguetter, salat, kaker og lignende. Skal du ha møte, selskap eller andre arrangement, kan vi også tilby varm lunsj og middag om de ønskjer det.På vår heimeside – sunnfjordcatering.no – kan du gå inn og sjå vår cateringmeny. E-post: post@sunnfjordcatering.no Tlf: 57 72 19 99 |
|
 | Stardalen sommarkafe Stardalen Sommarkafe held til i Stardalen Bygdetun oppført i 1995. Her er flotte lokale i to etasjar. Sjølve kafeen ligg i første etasje med bord og sitjeplassar til ca 70 personar. For spesielle tilstellingar kan det settast opp langbord. Nyttar ein full kapasitet har ein då sitjeplassar til 90. Utstillingar heile året: Astrid Myklebust : Måleri Jølstratrøya v/ Greta Kristiansen: Flotte heimestrikka trøyer, skjørt, m.m Ulla Design v/ Jane Heggheim: Flotte heimestrikka trøyer, skjørt, m.m Tlf: 57 72 89 77 Heimeside. |

|
|
 |