| Voss og Jølster arrangerer FIS renn |

Voss og Jølster går saman om å arrangere FIS renn alpin. Frå 24 - 28 februar skal det konkurrerast i vakker Vestlandsnatur. Finn meir om arr. på menyknappen "Kva skjer". Men Jølster Skisenter ventar også på deg. Det erfine tilhøve. Bakken finn du 20 min aust for Førde, langs E-39. 15 min vest for Førde langs E-39, finn du langrennsløyper på Langeland. Også i Sunnfjord Skisenter i Blomlia er det fine tilhøve. Les meir...
|
|
|
 |
| Rica Sunnfjord Hotel med ny Spa avdeling |

Rica Sunnfjord Hotel har fått sin eigen svært lekre Spa avdeling. Sunnfjord Spa, og 40 nye rom er innhaldet i dette siste av i alt 11 byggetrinn sidan det populære hotellet vart opna i 1968. Med sine i alt 204 rom er hotellet også no det største mellom Bergen og Ålesund. |
|
|
 |
| Førdefestivalen har 20 års jubileum i 2009 |
Førdefestivalen feira i sommar 20 års jubileum. Set av datoen for neste års festival allereie no: 8. - 11. juli 2010. Sjå meir frå årets festival på festivalen sine eigne sider. Les meir...
|
|
|
 |
| Fottur i Sunnfjord |

Fot-tur på den 20 km lange Fossestien (bilde) er ein av 15 turar som er omtalt i brosjyren som du kan laste ned her. Fossestien går langs Gaularvassdraget, tett på elva og fossane. Om nokre år vert vegen over fjellet her Nasjonal Turistveg. Last ned brosjyre...
|
|
|
 |
| Kjøp fiskekort i Sunnfjord på SMS |

No kan du kjøpe fiskekort via SMS i Jølster, Haukedalen og i Hestadgrend. Sjå info her. I Jølster og i tallause vatn og elvar i Sunnfjord kan du fiske din eigen aure(ørret). Deltakarar frå 18 nasjonar konkurrerte i Em i flugefiske her i 2007. Dei sa at området var "world class" når det gjeld aurefiske. Nedanfor kan du laste ned brosjyra vår som fortel alt du treng for å kunne komme hit å fiske. Last ned brosjyre...
|
|
|
 |
| Jølsterguiden 2008 |

Med bildet av den særmerkte fossen "Pissaren" presenterer vi her Jølsterguiden 2008, som du kan laste ned som ei pdf-fil. Last ned...
|
|
|
 |
| Fjordane i Sunnfjord |
Dette bildet er frå Førdefjorden i Reisemål Sunnfjord. Dalsfjorden, diktaren Jakob Sande sin fjord, er også ein del av reisemålet. Les meir... |
|
|
 |
| Sunnfjord er Fosseheimen |
Over 50 fossar finn etterkvart vegen ut i Førdefjorden, Dalsfjorden og Sognefjorden. Elvane kjem frå Jostedalsbreen og fjella i Naustdal, Jølster og Førde. Her kan du gå fottur på den 20 km lange tilrettelagde Fossestien, på brevandring i Jølster eller ta deg ein tur på elva saman med Jølster Rafting. Bildet over er frå Huldefossen ved Mo, 10 km aust for Førde langs E-39. Les meir... |
|
|
 |
| Jaktsimulator i Jølster |
No kan du "gå på jakt" i Jølster heile året. Lunde Turiststasjon sin nye jaktsimulator let deg jakte i Jølsterfjella, eller på ei elgbane. Atle Lunde håpar tilbodet blir ein populær aktivitet både for folk her i fylket og for turistar. |
|
Les meir...
|
 |