|
Slik kan det sjå ut på elgbana i jaktsimulatoren.
SIM TARGET skytesimulator
Nytt og spennande trening-/aktivitetstilbod på Lunde Turiststasjon!
Du / de er velkomne til å leige SIM TARGET skytesimulator hjå oss på Lunde Turiststasjon. SIM TARGET er ein avansert skytesimulator som er utvikla for å gi størst mogleg realistisk skytetrening og samtidig vere så enkel og fleksibel som mogleg å bruke. SIM TARGET eignar seg godt for opplæring av jegerar og skyttarar, men er like mykje ein morosam og spennande aktivitet der du kan vere saman med vener.
Ved hjelp av SIM TARGET skytesimulator kan ein forlenge sesongen og tileigne seg verdifull skytetrening i tillegg til å ha det sosialt. Simulatortrening gir eit unikt høve til mengdetrening og til analysere skotet.
SIM TARGET er ein trådlaus simulator. Det vil seie at ein ikkje treng nokon forstyrrande kabel mellomvåpen og datamaskin. Våpena som vert brukte er lisensfrie og ufarlege. Delane kan flyttast mellom våpen på få sekund og det er difor enkelt å bruke eigne våpen under skytinga òg. Det er ikkje behov for inngrep på våpenet eller siktet. Hjå oss kan ein skyte mot eit prosjektorbilete på 2.20 x 3 m. Ein kan m.a. skyte på ryper, hare, rådyr, elgbane, lerduer.
I tillegg til SIM TARGET skytesimulator, har vi òg 1 elektronisk skive frå Megalink, der ein kan skyte med luftgever. I skytelokale er det eige opphaldsrom der ein kan følgje med på den som skyt på eigen skjerm, eller spele dart medan ein ventar på tur.
PRISAR
SIM TARGET Serie Kr. 25,- Grupper inntil 6 pers./ 2 timar Kr. 500,- Privattimar pr. pers./time Kr. 200,- (opplæring og skyting) 3 mnd. abonnement/ 1 kveld pr. veke Kr. 1200,- 6 mnd. abonnement etter avtale
Luftgever 25 skot Kr. 30,- 50 skot Kr. 50,-
INTRODUKSJONSTILBOD t.o.m. 31.01.07: Grupper kr. 400,- / 3 mnd. abonnement kr. 1100,-
Ta kontakt for pristilbod på skyteweekend ( overnatting, leige av simulator, ev. leige av grillhytte og badestamp).
NB! SIM TARGET skytesimulator kan lett flyttast til anna lokale. Lag og organisasjonar kan gjerne ta kontakt for pristilbod dersom ein ynskjer å leige instruktør og simulator til eige lokale.
Med helsing Kontakt: Tlf.: 57728221 E-post: ahlunde@online.no Lunde Turiststasjon www.turiststasjon.no Linda og Atle Lunde
|