| Nordportalen |
|

På nordveggen i Urnes stavkyrkje finn vi den namngjetne nordportalen saman med to rikt utskorne veggplankar. Utskjeringane er daterte til rundt år 1050, og motivet ser ut til å vera ein kamp mellom skapningar som liknar på løver og slangar. Figurane er skorne i djup relieff. Dørbladet, som er forma som eit nøkkelhol, har også same utskjeringane, men her er relieffet mykje grunnare. Vi trur at portalen har vore vestportal (hovudinngang) i ei tidlegare kyrkje. Også den nordaustre hjørnestaven i koret har desse utskjeringane.
Stilen i utskjeringane har namn etter stavkyrkja og blir kalla Urnesstil. Stilarten var utbreidd i heile Norden, og i Danmark er det funne over 100 smykke i Urnes-stil. Også her i landet er det gjort fleire funn. Det er tydeleg slektskap mellom Urnes-stilen og utsmykking i keltisk og anglo-saksisk kunst. Munkane i Lindisfarne som illustrerte dei fire evangelia i Bibelen på 600-talet, hadde teikna inn dei same spiralane (ledda til dyra) som vi kjenner att frå nordportalen til stavkyrkja.
<<Tilbake | |
 |